Annonse
Foto: Unio
Synspunkt
Synspunkt

Utan dei uunnverlege stoppar Noreg

Ragnhild Lied er leder i Unio.

SYNSPUNKT. Eg snakkar om sjukepleiarane, lærarane, politiet, forskarane og alle andre med høgare utdanning i offentleg sektor. Dei gjer jobbar som samfunnet er heilt avhengig av. Dei er uunnverlege fordi dei med sin høge fagkunnskap pleier eldre og sjuke, gjev barn og unge ei god utdanning og tek vare på tryggleiken i samfunnet. Dei dedikerer seg til forskinga og finn svar på store samfunnsproblem.

Dei tenestene offentleg sektor produserer, er like viktig for verdiskapinga i samfunnet som verfta, oljen og all anna næring.

Likevel er det hos mange ei inngrodd oppfatning at privat sektor skaper verdiane, medan offentleg sektor forbrukar dei. Dette er eit snevert syn på verdiskaping, som på sikt vil gjere oss fattigare.

Arbeidsplassane i offentleg sektor har ikkje ei inntektsside på same måte som bedrifter i privat sektor, men er likevel uunnverlege for verdiskapinga i Noreg. Koronakrisa er eit godt døme på at det er avgjerande viktig med ein solid offentleg sektor. Der finn vi dei som har stått i første line i kampen mot viruset.

Ei av dei store utfordringane til offentleg sektor i dag er å rekruttere og halde på kompetanse.

I Noreg er det i stor grad kvinnene som held velferdsstaten oppe.

Samfunnet er heilt avhengige av jobben dei gjer og at dei vert verande i jobbane sine.

Kva gjer ei bedrift i privat sektor dersom bedrifta treng ein bestemt kompetanse? Jo, dei gjer minst to ting. Dei brukar lønn for å rekruttere og behalde tilsette. Og dei går til politikarene og ber dei syte for at offentleg sektor utdannar fleire.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at 15 prosent av årsverka i grunnskulen er utført av personar utan lærarutdanning. I vidaregåande utgjer andelen årsverk utført av personar utan full lærarutdanning 21 prosent. I tillegg søker færre seg til lærarstudiet.

Innanfor helse rapporterer 75 prosent av kommunane at sjukepleiarar er den yrkesgruppa som det er vanskelegast å rekruttere til. SSB har estimert at vi kan mangle så mange som 25 000 sjukepleiarar i 2030.

Det er dramatiske tal. Dette er eit samfunnsproblem som styresmaktene – staten, kommunane og sjukehusa har ansvaret for å løyse. Dei gjer for lite.

Difor må vi i Unio seie tydeleg frå. Det gjer vi på mange måtar. Sjølvsagt bruker vi også det viktigaste verkemiddelet: tariffoppgjera. Det er då lønna kan løftast, slik at yrka blir meir attraktvie.

Medlemmene våre er så uunnverlege at dei er i ferd med å miste streikeretten

Arbeidsgjevarane erkjenner i stor grad at det er kompetansemangel, og vanskar med å rekruttere og behalde mange yrkesgrupper.Men i tariffoppgjera har dei over tid vist ei frapperande evne til å sjå vekk frå sine eigne problem, og sitt eige ansvar. Då bruker dei i staden lønnsprognosane frå industrien – det såkalla frontfaget – til å halde lønna i sjakk. Lojaliteten til frontfaget – og det snevre synet på verdiskaping, blir viktigare enn lojaliteten til innbyggarane og til dei tilsette.

Difor gjekk Unio til streik i KS- området, i Oslo-kommune og i Spekterområdet (sjukehusa) i dette tariffoppgjeret. Arbeidsgjevarane i kommunesektoren nekta å ta imot tilbodet om dispensasjonar under streiken.

Kombinasjonen av lav grunnbemanning og arbeidsgivarmotstand mot dispensasjonar gjorde vegen til tvungen lønsnemnd kort.

Styresmaktene konkludere med at det var fare for liv og helse. Det blei tvungen lønnsnemnd- først i KS-området, så i Oslo kommune og ein kan etter dette spørje om streikeretten i offentleg sektor er reell.

Eg vil at Noreg skal ha eit berekraftig velferdssamfunn og eit konkurransedyktig arbeidsliv. Sjølv om livet er meir enn lønn, er det grenser for kor stort lønnsgapet frå offentleg til privat sektor kan bli utan at offentleg sektor taper konkurransen om kompetanse. Når det skjer, taper alle på det. Også det private næringslivet.

Medlemmene våre er så uunnverlege at dei er i ferd med å miste streikeretten.

 

Vil du holde deg oppdatert på ledelse og arbeidsliv? Prøv et abonnement på Dagens Perspektiv, eller vårt gratis nyhetsbrev.

Synspunkt

Skriv til oss!

Del innsikt og meninger,
skriv til 
 
 

Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse

Synspunkt

Skriv til oss!

Del innsikt og meninger,
skriv til 
 
 

Nyhetsbrev

Klikk her for å melde deg på et eller flere av Dagens Perspektivs nyhetsbrev.


Prøv DP

Klikk her for å prøve Dagens Perspektiv.


Annonse