Samfunn
Gjelda til utlandet redusert med ein tiandepart
I 2017 var USA det landet norske ikkje-finansielle føretak hadde mest gjeld i; der hadde gjelda ein verdi på 258 milliardar kroner.
I fjor utgjorde gjelda ikkje-finansielle føretak hadde til utlandet 1340 milliardar kroner. Det er 10 prosent mindre enn i 2016, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.
- LES OGSÅ: Under et fjell av gjeld
Rekneskapa til ikkje-finansielle føretak si utanlandsfinansiering viser at dei norske føretaka hadde ei gjeld til Europa til ein verdi av 906 milliardar kroner.
Dette betyr at nær to tredelar av gjelda var til føretak i europeiske land. Dei største gjeldsbehaldningane i Europa låg i Belgia, Storbritannia og Sverige.
Gjelda held fram å gå ned
I 2017 var USA det landet norske ikkje-finansielle føretak hadde mest gjeld i; der hadde gjelda ein verdi på 258 milliardar kroner.
Som i 2016 har gjelda til utlandet halde fram å gå ned i 2017. Reduksjonen i gjelda teken opp av ikkje-finansielle føretak er størst til USA, Tyskland og Frankrike.
Gjelda til føretak innanfor same konsern har blitt redusert med om lag 4 prosent samanlikna med 2016. Som i 2016 er framleis om lag halvparten av den totale gjelda til utlandet til føretak innanfor same konsern.
Nylige artikler
Ingen enighet om overtid for deltidsansatte
«Vi priser mangfold og integrering. Nesten som et håp om at alt skal bli norsk til slutt. Glem det»
Stoltenberg dropper fred og sikkerhet
KI-en brøt seg ut. Heldigvis skjedde det nå
Kraftig fall i utgifter til sykepleiervikarer i kommunene
Mest leste artikler
Sykmeldt: Slik ber du om tilrettelegging uten å dele diagnose
Tjenende lederskap: selvmotsigelse eller bærekraftig ledelse?
Forbes: Kong Harald V hadde liten konstitusjonell makt. Han ledet likevel
Kommuneforskere: Norge mangler politisk vilje til omstilling
Bjørn K. Haugland: Norge må styrke havforvaltningen og verne havet