Samfunn
Lågaste fødselsoverskot sidan 1985
Færre fødslar og fleire døde ga oss i årets tre første månader det lågaste fødselsoverskotet på 33 år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Vi blei 7.200 fleire i 1. kvartal og folketalet i Noreg er nå 5,3 millionar. Det blei født 400 færre barn og nær 300 fleire døde i 1. kvartal i år enn i tilsvarande kvartal i fjor.
Låg innvandring
Nettoinnvandringa er framleis låg. Tala viser at 13 300 flytta til Noreg i 1. kvartal og 7 900 flytta ut. Den låge nettoinnvandringa saman med det låge fødselsoverskotet ga oss låg folkevekst sett i høve til tala for nokre få år sidan.
Dei fire siste åra har veksten i folketalet minka i det første kvartalet i høve til året føre.
Akershus var det fylket som hadde den høgaste folkeveksten i dette kvartalet. Hovudstaden hadde også ein stor folkevekst.
I Oslo kom veksten hovudsakeleg frå eit stort fødselsoverskot medan veksten i Akershus hadde si årsak i stor netto innflytting spesielt frå andre stader innanlands.
Den høgaste netto innanlandske utflyttinga sett i høvet til folketalet hadde Finnmark og Sogn og Fjordane. Fem fylke hadde ikkje folkevekst: Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark.
Ein finn framleis flest syrarar og polakkar på lista over utanlandske statsborgarar som har innvandra. Om lag 1 600 syrarar ble registrert som innvandra til Noreg i 1. kvartal. Talet for polakkar var om lag like høgt, men mange polakkar ble óg registrert som utvandra.
Nylige artikler
Det ødelagte landet?
Krever rask avklaring om datasentre: – Frykter trenering
Misnøyens teater – i dag starter statsbudsjettprossesen
Tek-blodbad på børsene i Asia og USA – kobles til KI-panikk
Finanspolitikere klare for lange budsjettforhandlinger
Mest leste artikler
Bjørn Solend om hvordan KI endrer arbeidsmarkedet: Slik holder du kompetansen relevant
Vestre bør starte sykehusreformen nå
Filmskaper Deeyah Khan møtte nynazister og jihadister med verdighet. Hun mener arbeidslivet er viktig for å motvirke polarisering
Aldersdiskriminering i arbeidslivet øker: Eldre forbigås oftere
Helsereformutvalget: Større kommuner og ny styring av sykehus