Samfunnsansvar
Lever inn ulovleg våpen utan å bli straffa
Frå 1. mars til 31. mai kan ein levere inn ulovlege skytevåpen til politiet utan å risikere straff.
Politiet ber no folk ta kontakt med næraste politistasjon eller lensmannskontor for anten å levere inn ulovlege våpen eller få dei over i lovlege former.
Våpen kan også leverast inn anonymt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Tryggleik
Ved innlevering av skytevåpen er det viktig at det vert gjort på ein trygg og sikker måte. Er ein våpenkyndig og vil sjølv levere våpen, er det viktig å:
- Sjekke at våpenet ikkje er ladd.
- Sikre våpenet og transportere det i eit tilpassa futteral eller veske.
Dersom ein ikkje er våpenkyndig, be om hjelp frå ein som kan det.
Når ein kjem med amnestivåpen til politiet har ein fleire alternativ:
- Søke om å få behalde våpenet
- Søke om å få det registrert, slik at ein kan selje det vidare
- Søke om å få gjere våpenet ubrukbart (plombering) og slik kunne behalde det
- Levere våpenet inn for destruksjon
Ingen risiko for tap av våpenkort
Har eit våpenkort på lovlige våpen, men samtidig har ulovlege våpen, risikerer ein ikkje tilbakekall av våpenkortet eller avslag på framtidige søknader når du nyttar deg av amnestiet.
Alle som vert tekne med ulovlege våpen risikerer inntil 2 års fengsel. I grove tilfelle er strafferamma 4 år. Har ein våpenkort for anna våpen, må ein i tillegg rekne med at dette vert tilbakekalla.
Nylige artikler
Konkurranseklausulen – blokkerer den jobbyttet mitt?
Britisk statsminister utelukker EU-søknad i denne perioden
Lula gjenvalgt som president i Brasil, taperen nekter å godta resultatet
106 ansatte får sluttpakke i NRK
Et offentlig Norge som regulerer og bevilger – ikke skaper: Er norsk næringsutvikling i Norge ute av kurs?
Mest leste artikler
KI kan ta feil med stor overbevisning – illusjonen om én intelligens
NITO: Arbeidsgivere må følge reglene om overtid
NVE gir første vindkraftkonsesjon på ni år
– «De tradisjonelle» vil fortsette å gjøre det samme, med lavere kostnader. «De smarte» tenker annerledes
Ny metastudie viser at det å fremstå som en ledertype ikke nødvendigvis gir effektiv ledelse.