Samfunn
Svakaste folkevekst sidan 2006
Folketilveksten i 2016 er berekna å bli 43.400 personar, eller 0,83 prosent. Det er andre året på rad at folkeveksten går ned, og veksten har ikkje vore så svak sidan i 2006.
Ein ventar at det vil vere 5 257 000 busette her i landet 31. desember 2016.
Innvandring utgjer 60 prosent av veksten, mens 40 prosent er fødselsoverskot. Nedgangen i folkeveksten heng saman med redusert innvandring til landet sett i høve til toppåra 2007 til 2014 då omlag 70 prosent av folkeveksten var innvandring.
Reduksjonen heng saman med auka utvandring av arbeidsinnvandrarar. Ein ventar eit fødselsoverskot på omlag 17.600 personar.
Lågare innvandring
Innvandring frå utlandet er venta å bli om lag 25.800, som er 4.000 færre enn i 2015 og om lag 21.000 færre enn i toppåret 2012 då innvandringa utgjorde 47.300 personar.
Det berekna fødselsoverskotet på 17.600 vil være noko mindre enn i fjor, men utgjer jamvel ein noko større del av folkeveksten enn førre året, fordi innvandringa no er mindre.
Berekna folketal for fylka viser at det er Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo som har den kraftigaste veksten. Akershus veks med 1,6 prosent, mens Sør-Trøndelag og Oslo veks med 1,3 prosent.
Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve, er ikkje registrerte som busette og difor ikkje med i berekningane.
Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2016, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2017, er difor ikkje med.
Nylige artikler
KI-en brøt seg ut. Heldigvis skjedde det nå
Kraftig fall i utgifter til sykepleiervikarer i kommunene
Fawzi Warsame innstilt som ny AUF-leder
Når effektivitet ikke lønner seg
Norske PISA-resultater tegner en dyster framtid
Mest leste artikler
Sykmeldt: Slik ber du om tilrettelegging uten å dele diagnose
Tjenende lederskap: selvmotsigelse eller bærekraftig ledelse?
Forbes: Kong Harald V hadde liten konstitusjonell makt. Han ledet likevel
Kommuneforskere: Norge mangler politisk vilje til omstilling
Bjørn K. Haugland: Norge må styrke havforvaltningen og verne havet