leserinnlegg

Tines løgnaktige produktreklame

Tine melks nye produktreklame «kanskje verdens fineste melk», viser oss tydelig at Tine a) anten manglar betydelig kompetanse på kva som foregår på dyrevelferdsfronten i andre land og difor trur at Norge er best, eller b) at dei simpelten spreier lögner, heilt bevisst.

Publisert Sist oppdatert

«Vi gjør alt for at kuene skal trives. Sånt blir det god melk av,» er avslutningsteksten på den første filmen i Tines nye kampanje. Filmen viser kyr som går ute, saman med kalvar. Fakta er at det er lovleg i Norge å halde kyr som står i lausdriftsfjøs inne heile året. Dei går aldri ute, og konvensjonelle melkekyr går nesten aldri med kalv. For økologiske kyr er kravet at kalv skal gå med mor i minst tre dagar etter fødsel, men kalvane på Tines film er langt eldre enn tre dagar. Det er kun kjøttfe og ammekyr som går ilag med så gamle kalvar som det Tine viser fram på filmen, ikkje melkekyr i Tines tjeneste. Bildet blir dermed ei total vrangframstilling med ganske grove faktafeil. Problem: det kreves langt meir kunnskap om landbruk enn det den jevne forbrukar har for å sjå desse feila. Ein kan heller ikkje forvente av ein forbrukar at den skal sitte på detaljkunnskapar om hald av kyr i Norge. Eg vil gå langt i å påstå at Tine utnyttar folks mangel på kunnskap om landbruk i Norge. Dette utnyttar Tine. Ein kan spørre seg om saka er ei sak for Forbrukarombodet.

Sitat Tine: «Via lykkelige kuer vil vi forsøke å øke forståelsen og kunnskapen om TINEs virksomhet.» Sanninga er at stadig fleire kyr i Norge lever på lausdriftsfjøs. Det i Norge lov å halde kyr som lever i lausdriftsfjøs inne heile året. Det er desse kyrne Tine omtalar som «lykkelige». Sanninga er også at det er lovleg å halde økologiske melkekyr i besetningar opp til 35 kyr på bås i Norge, stikk i strid med EUs anbefalingar. Kyr på bås må gå ute åtte veker per år, men dette er ikkje dyrevelferd i verdsklasse. Vi ligg langt bak.

Når eg ser filmen, er det altså to ting som slår meg. Tine a) manglar anten vesentlige kunnskapar, ikkje berre om norsk landbruk, men også om at det finst strengare reglar og krav til dyrevelferd i andre land enn kva vi har her i Norge, eller at dei b) bevisst spreier falske historier om norsk landbruk.

Dette er bekymringsverdig av fleire årsaker: skal merkevara norsk mat vere truverdig, er vi avhengig av ein meir sannferdig presentasjon. Det krev betydelig internasjonal kunnskap om landbruk om ein vil kome fram til kva som må gjerast for å bli best i verda på matproduksjon. Årsaka er at mange land har betydelig strengare regelverk for hald av dyr, og dyrevelferd for ku, enn det vi har i Norge. Det handlar om etikk og om miljøspørsmål som her vert innhylla i løgnhistorier.

Dette vert eg ikkje overraska om Tine ikkje er klar over, all den tid kunnskapen i Norge om matproduksjon i andre land i stor grad er basert på fordommar, ikkje kunnskap, og fordi ein til stadighet gjentar mantra: Norsk mat er best i verda. Problemet er at det i dag let hult.

Melk og mat er viktige miljømessige, politiske og ikkje minst internasjonale matpoliske felt som krev ei sannferdig og kunnskapsbasert framstilling om vi skal kunne ta stillling til etikk, produksjon, miljø og bærekraft i våre valg som forbrukarar. Tine bidreg med si reklame til å fordumme, tilslöre og spre feilinformasjon om viktige problemstillingar. Skal norsk landbruk bli best, og ikkje berre påstått best, og skal vi utvikle oss i ein bærekraftig retning, treng vi ei informert framstilling og ein kompetansebasert debatt. Tåkelegging legg lok på debatt og framtidsretta kompetansebygging.

Eg skal her komme med ei rekke konkrete eksempel for å illustrere. Her gjentek eg ein del av argumentasjonen frå artikkelen «Nei til deltidsbønder. Ja til kyr på beite. Erfaringar frå praksis som veterinär i Sverige».

Eg har i nokre månader jobba som stordyrveterinær i Sverige for virkelig store bønder med rundt 300 kyr og ein gjennomsnittleg melkeproduksjon på opp mot 13 000 liter per ku. Den høgstytande kua eg møtte på, melka 18 000 liter. Norske kyr kan gå og legge seg, produksjonspresset er langt høgare og bransjen tøff. Skal du ha ein gard, må du betale kanskje tjue millionar kroner, minst.

Men ei profesjonalisering treng ikkje bety destruktiv industrialisering der dyrevelferden blir ofra på økonomiens alter, slik eg før har fortalt om basert på mine erfaringar som veterinærstudent i USA. Artikkelen «Bestialsk landbruk» kan lesast på min blogg og viser fram brutale sider ved det amerikanske melkeindustrilandbruket.

Då eg kom til Sverige, venta eg meg tøffare forhold for dyra og industri, men møtte kyr på beite. Svenske bønder har pålegg om å ha kyr ute i 3 månader, uavhengig av bås- eller lausdrift. Sverige slår knock out på Norge på feltet.

Pardoks: i dette området manglar ein utmarksressursar. Dyra må beite og gå ute på innmark, ofte med tilleggsfôring ute, men dei går på store areal utomhus. Dårlige beiter er altså ingen unnskyldning for å halde dyra inne. Ei heller regn. Du får halde kyrne inne nokre dagar om det blir for mykje søle ute. Dyrevelferden er i fokus på ein måte som er tilpassa ei profesjonell næring.

Mantraet: «vi er best», kan bli fatal for norsk landbruks konkurransekraft all den tid ein ikkje virkar vite kva ein måler seg mot. Problem: ein bygger ikkje merkevarer og solid bissniss på faktafeil.

Eg har som journalist opplevd å ringe opp representantar høgte oppe i bondeorganisasjonane som har sagt at dei er svært skeptiske til Norturas engasjement i Afrika. Når eg så spør dei kva dei er skeptiske til og kvifor, viser det seg at dei ikkje veit kva det er Nortura foretek seg i Afrika. Det viser seg også at dei ikkje veit kva land i Afrika Nortura engasjerer seg i. På kva grunnlag er ein då kritisk?

Når Tine snakkar om «kanskje verdas finaste melk», er det tydelig at dei ikkje veit kva som foregår to kilometer frå norsk grense. Det er heller ikkje dyrevelferden til kyrne som produserar denne melka dei siktar til med begrepet «fineste». Kanskje er det fargen?

Tine fortset å vatne ut merkevara «norsk mat» med å fortelle oss at «vi er best». Det let hult og løgnaktig. Vi har mykje å lære av andre, men vi er ikkje interessert i å sjå over grensene. Vi fortset å gjenta mantra «vi har verdas beste mat». Spørsmål: kven tjener på det? Neppe

Dei tomme merkevarehistoriene som Tine sprøytar ut, undergrev merkevara norsk mat og appellerer til eit kunnskapslaus publikum. Merkevara «Norsk mat» framstår i stadig større grad som bygd på kunnskapsløyse.

Powered by Labrador CMS