Samfunn
Færre av dei minste under omsorg av barnevernet
Barnevernet hadde etter vedtak i fylkesnemnda omsorg for vel 9000 barn på slutten av 2017.
Av dei vel 9000 som var under omsorg i alderen 0–17 år budde 91 prosent i fosterheim, 5 prosent i barnevernsinstitusjon og 3 prosent i beredskapsheim.
Ei slik fordeling viser at ei omsorgsovertaking har eit langsiktig perspektiv der fosterheim er sett som det beste alternativet for ein oppvekst utanfor heimen, skriv Statistisk sentralbyrå.
- LES OGSÅ: Flere melder fra til Barnevernet
Til saman var det 15.600 barn og unge som var plasserte utanfor heimen på slutten av 2017, 6600 som eit hjelpetiltak.
Blant dei som er plasserte som eit hjelpetiltak budde 44 prosent i fosterheim, 38 prosent i bustad med oppfølging, 12 prosent i barnevernsinstitusjon og 6 prosent i beredskapsheim.
Fleire barn får hjelp av barnevernet
Barn under omsorg som del av befolkninga har auka frå 5,3 per 1000 barn 0–17 år på slutten av 2003 til 8,0 i 2017. Dei siste tre åra kan det sjå ut til at talet stabiliserer seg med 7,9 per 1000 i 2015 og 8,0 både på slutten av 2016 og 2017.
For hjelpetiltak som inkluderer både tiltak i heimen og frivillige plasseringar, går delen meir opp og ned desse 15 åra.
- LES OGSÅ: Stor mistillit til barnevernet
Dei siste to åra har det vore ein auke, og på slutten av 2017 var det 22,9 barn med hjelpetiltak per 1000 barn i aldersgruppa 0–17 år. Dette er ein mindre del enn i åra rundt 2010 då omtrent 24 barn per 1 000 fekk hjelpetiltak frå barnevernet.
Færre små barn under omsorg
Talet på barn under 6 år med omsorgstiltak har gått ned sidan 2015, medan det blir stadig fleire i den eldste gruppa over 13 år, og det er ein viss auke òg i aldersgruppa 6–12 år.
Denne utviklinga kan tyde på at talet på barn med omsorgstiltak stabiliserer seg då omsorgstiltak vert avslutta i det barna blir 18 år, og det er dermed fleire som går ut enn som kjem inn under omsorg, samtidig som talet i midten aukar noko.
Talet på meldingar til barnevernet auka med ein knapp prosent i 2017, etter ein sterk vekst året før. Det har dei siste åra vore ein reduksjon i delen av meldingane barnevernet mottek som blir lagde bort utan at barnevernstenesta startar ei undersøking. I 2017 vart knapt 17 prosent av alle meldingar lagde bort, 1 prosent mindre enn i 2016.
I 2017 var det over 4 prosent færre meldingar enn året før som gjaldt dei yngste barna i alderen 0–2 år. Det var ein liten auke i talet på meldingar i alle dei andre aldersgruppene.
Nylige artikler
Staten sløser – men hvem er syndebukken?
Dette er G7-lederne enige om
Høyre vil ha mer hemmelighold rundt jobbsøkere
Spørsmål om kuttet i drivstoffavgiften opp i Stortinget
8 av 10 innkjøpere i offentlig sektor mener eksterne konsulenter bidrar med spisskompetanse de selv ikke har tilgang på
Mest leste artikler
Jan Ketil Arnulf om å åpne for en sivil sjef for E-tjenesten: Ingen garanti for å finne en god kandidat
Torbjørn Aas om når styring tar plassen til ledelse: Derfor må offentlig sektor styres bedre
Slik blir du funnet av rekrutterere på LinkedIn.
Tidligere Nav-sjef Hans Christian Holte leder KI Norge: Vil skille KI-hype fra reelle endringer
NHH-studie gjort i norske bedrifter: Tjenende ledelse kan påvirke lønnsomheten negativt