Vindkraft engasjerer. Det har forfattar Anders Totland skreve bok om.
Foto
Samlaget

Eit forsøk på å teikna eit heilskapeleg bilete av vindkraftbevegelsen

Publisert: 24. februar 2021 kl 08.00
Oppdatert: 24. november 2021 kl 13.51

Kvifor har du skreve denne boka?

– Engasjementet og debatten rundt vindkraft i Noreg framstår for meg som heilt unik. Det tenkte eg at fortener ei bok. Og sidan eg er mykje meir interessert i menneske enn maskinar, blei min innfalsvinkel å skriva om folka som kjempar. Kor kjem dei frå, kven er dei, og kva er det som driv dette djupe engasjementet?

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Kanskje at dei aller fleste som kjempar mot vindkrafta for meg ser ut til å vera heilt vanlege menneske med eit genuint ønske om å ta vare på jorda, og ikkje hylande ekstremistar, slik ein kan få inntrykk av i media.

 

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

Saken fortsetter under annonsen

– Det er ikkje ei bok med store avsløringar, men meir eit ærleg forsøk på å teikna eit heilskapeleg bilete av den folkelege bevegelsen som har vakse fram i kampen mot vindkraft dei siste par åra. Dette trur eg det er vanskeleg å få noko godt bilete av med å berre følgja med i den daglege pressedekninga, og eg håper difor at ei bok som denne kan vera eit nyttig bidrag til den offentlege debatten.

 

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Den første store utfordringa var å vinna tilliten til alle eg ville snakka med, for å få dei til å verkeleg opna opp om kva dei meiner og kjenner. Neste utfordring var at det heile tida skjedde nye ting i det politiske landskapet, samtidig som eg prøvde å runda av dette prosjektet. Dermed måtte eg gong etter gong tilpassa innhaldet etter verkelegheita, for at det ikkje skulle bli direkte feil eller i beste fall utdatert.

 

Kva vil du oppnå med boka?

– Eg ønskjer ein meir opplyst og engasjert offentleg samtale om vindkraft, og kanskje kraftpolitikk og utbygging av norsk natur generelt, utan at det blir så oppheita at folk flest fell av lasset. Der har me ein del å gå på, for å seia det mildt.

Saken fortsetter under annonsen

 

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– Eit meir nyansert bilete av folka som kjempar mot vindkrafta, og ei forståing av korleis me kunne komma i den situasjonen me er i no. Dersom lesaren sjølv er ein aktiv vindkraftmotstandar håper eg han eller ho vil kjenna seg sett og forstått, eller i alle fall ha ei kjensle av at her er det nokon som verkeleg har prøvd å fortelja denne historia på ein ryddig og skvær måte.

 

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Erna Solberg. Eg skriv om eit viktig politisk tema, og då er det sjølvsagt eit mål at det blir lese av politikarane som har aller mest makt.

 

Saken fortsetter under annonsen

Foto
Anders Totland ønskjer ein meir opplyst og engasjert offentleg samtale om vindkraft. Foto: Marius Knudsen

 

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– Dette er veldig fjernt frå boka eg sjølv har skrive no, men eg vil altså tilrå alle å lesa Tre menn til Vilma av Gudrun Skretting. Den er fin og veldig morosam, og i år tenker eg at me treng litt ekstra mykje av det som er fint og morosamt.

 

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Ragnar Hovland har betydd veldig mykje for meg, fordi det var hans bøker som gav meg leseglede igjen då eg begynte å lesa i tenåra, etter den nesten obligatoriske lesepausen i perioden mellom barn og ung vaksen. Og Erlend Loe. Dei to var mine store litterære heltar og førebilete då eg sjølv begynte å skriva, utan at det på noko måte viser igjen i mine bøker. Trur eg.

Saken fortsetter under annonsen

 

Kvar hentar du informasjonen om nye bøker frå?

– Eg kjenner så mange forfattarar og forlagsfolk etter kvart, at eg stort sett får det på Facebook eller over ein kopp kaffi.

 

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Birøkting.

 

Saken fortsetter under annonsen

Hvis du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film hjemme

Ved sjøen – På fjellet

 

 

 

Anders Totland (34)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Journalist og forfattar
  • Utdanning: Kokk og samfunnsvitar
  • Bustad: Valen, Kvinnherad
  • Aktuell med: «Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør»
  • Forlag: Samlaget
  • Sidemengd: 295