Annonse
«Kor mange arbeidsplassar har ein plan for korleis dei skal takle at tilsette eller leiinga vert råka av sorg, som følgje av dødsfall, samlivsbrot eller tilsvarande?» Foto: Dreamstime
Lederrolla

Sorg på arbeidsplassen

SYNSPUNKT

I forbindelse med ein sorgreaksjon, får mange ei sjukemelding. Fordi ein er så lei seg, at ein ikkje er i stand til å jobbe.

Men «sorg» er ikkje ein diagnose ein lege kan sette på ei sjukemelding. Derfor må ein lege bruke ein annan diagnose, som oftast psykiatrisk, om ho vil gi deg ei sjukemelding.  Med andre ord handlar det om kva for fastlege du har. Er ho raus eller gniten med sjukemeldingar, er ho kreativ med diagnosane?

Når pappa døydde for litt over eit år sidan, så hadde eg ein lege som forstod. Som forstod at eg trengte tid for å finne att fotfeste før eg var klar til å gå attende på jobb.  Til dagleg så er eg avdelingsleiar i ein bistandsorganisasjon, og har ansvar for 11 tilsette. Menneske som eg ynskjer å vere ein god sjef for, i tillegg til at eg har leiarkollegaer og ein sjef som eg sjølv skal rapportere til. Til saman vart det for mykje til at eg såg at eg kunne klare over det.

Når eg kom attende på arbeidet etter nokre veker med sjukemelding, så var det viktigaste for meg, at eg kunne ta ting i mitt tempo, og at det var mindre press. For sjølv om ikkje sorg er ei diagnose, så har den heilt klåre symptom, som energiløyse, søvnlausheit og eit immunforsvar som fungerer dårlegare enn normalt. Dette kan vare lenge for nokon, og kortare for andre. Ingen sorg eller reaksjon er lik.

Mange arbeidsplassar har kriseplanar for kva som skal gjennomførast av tiltak og kva bodskap som skal ut dersom ein har underslag, omdømmekriser eller tilsvarande, men kor mange arbeidsplassar har ein plan for korleis dei skal takle at tilsette eller leiinga vert råka av sorg, som følgje av dødsfall, samlivsbrot eller tilsvarande?

Som trass alt, er noko som vil skje langt oftare. I og med at sorg ikkje er ei diagnose, er i realiteten ansvaret lagt på arbeidsgjevar for å saman med arbeidstakar om å finne fram til dei gode løysningane for at den tilsette skal kunne fungere i arbeidskvardagen.

Det kan vere eit godt helsetiltak for den som er lei seg, å gå på jobben, møte gode kollegaer – og kjenne på at ein bidreg. Forsking syner at dei som klarer å oppretthalde rutinar, som mellom anna det å gå på jobb, er med på å sørgje for at ein raskare kjem over den tyngste sorgreaksjonen.

Eg måtte takle mi sorg i rollene som tilsett, kollega og sjef.  Det er utfordrande når ein er lei seg, utan energi og mest av alt har lyst til å ligge på sofaen. Men samstundes har eg lært noko om korleis eg best kan fylle desse rollene når andre på arbeidsplassen opplever tunge ting, og om kva som er viktige ting å hugse på. Om eg skulle oppsummert lærdommane, ville det blitt omtrent slik:

  • Ta deg tid: Det å vite at nokon tenkjer på ein og bryr seg, er noko alle menneske set pris på. Send tekstmeldingar, ta ein telefon og rydd vekk andre oppgåver slik at du kan gi kollegaen eller den tilsette rikeleg med tid. Det at du får det travlare, er underordna.

  • Gi tid: Dei aller fleste som har opplevd sorg, veit kor lang tid det tar. Tenk tilbake på di eiga sorg, kva prosessar du var igjennom det første året, og brukt erfaringane til å gi kollegaen eller den tilsette tid til å komme tilbake i full verksemd. Det tek lengre tid enn ein trur i utgangspunktet.

  • Ver interessert: Om du nyttar frasen «korleis går det med deg», ver førebudd på at svaret kan vere at det «slettes ikkje går så bra». Då må du ha tid til å sette deg ned og høyre på svaret. Om du veit at du ikkje har tid, bør du utsette å stille spørsmålet til ein gong du faktisk har det. Gi eit smil eller ein klapp på skuldra på veg forbi i staden.

  • Lytt: Som elles i livet er det å lytte før ein handlar, ein god regel når ein skal ha kontakt med menneske i sorg. Kva treng den du snakkar med, og korleis kan du best gi akkurat det?

  • Gi rom: Ikkje insister på å snakke om dei vonde tinga, men la det vere heilt klart at dersom ein ynskjer, er det rom.

  • Eigenmelding: Er du sjef, ha aksept for at ein skal kunne bruke eigenmeldingar på dagar som er ekstra vanskelege. Det er heilt akseptabelt å bruke ei eigenmelding når snørra renn og feberen riv i kroppen. Då må det òg vere akseptabelt å bruke ei eigenmelding om sjela har feber.

Det viktigaste av alt er likevel å vere eit medmenneske. Det er det dei fleste av oss treng mest i tunge stunder. Og tunge stunder har me alle.

Kristian Fjellanger er enhetsleder i Norsk Folkehjelp og forfattar av boka «Sorg, ei lita bok om å vere lei seg». 

Annonse
Annonse