Rettspraksis frå EU og den aktuelle høgsterettsdommen om arbeidstid, kan tyde på at både offentlege og private arbeidsgjevarar i mange tilfelle har bygd på feil lovforståing når det gjeld arbeidstid og reiser, skriv Raghild Lied.

Foto

iStock/sonatali

Strid om reisetid

Publisert: 20. februar 2020 kl 15.33
Oppdatert: 21. februar 2020 kl 08.30

Ragnhild Lied er leder i hovedorganisasjonen Unio.

SYNSPUNKT | Spørsmålet har blitt ekstra aktuelt i den digitale tidsalderen. Nettet og telefonen er aldri stengt, og det gjer både folk og arbeidsoppgåver lett tilgjengelege. Grensene mellom arbeidstid og fritid kan bli uklare, og tidvis oppstår det strid om tida.

I arbeidstida står du til disposisjon for arbeidsgjevaren din. Arbeidsgjevaren bestemmer over arbeidskrafta di mot at du får lønn. I fritida – tida du ikkje arbeider – styrer du sjølv over tida di.

«Gjennom EU-retten er det slått fast sterkare rettar for arbeidstakarane enn gjennom vår nasjonale lovgiving»

Dei aktuelle reglane i arbeidsmiljølova set rammer for arbeidstid og krav til kviletid. Dette handlar om tryggleik og helse. Tolkinga av desse reglane har dermed store praktiske og prinsipielle konsekvensar både for arbeidstakaren og for arbeidsgjevaren.

Til sjuande og sist handlar dette om livskvalitet for den enkelte og om effektivitet og produktivitet for verksemdene – offentlege og private.

I 2018 avsa Høgsteretten ein dom om når reisetid som fell utanfor normal arbeidstid skal reknast som arbeidstid. Det konkrete spørsmålet var om reiser utanom den faste arbeidsstaden, gjort av ein polititenestemann i samband med ulike oppdrag i politidistriktet, var å rekne som arbeidstid. Høgsteretten konkluderte med at reisetid i denne saka var arbeidstid. Sentralt i saka stod ein rådgjevande uttale frå EFTA-domstolen om EUs arbeidstidsdirektiv.

Saken fortsetter under annonsen

Utfallet har utløyst ein debatt om tolking av dommen, om kor langt den strekker seg for å slå fast at reisetid er arbeidstid.

I saka for Høgstrett hevda staten at det måtte meir til enn å reise, for at arbeidstida skulle reknast som arbeidstid etter arbeidsmiljølova. Staten meinte at intensiteten i det arbeidstakaren hadde gjort, utover å forflytte seg, var så låg at det ikkje var å rekne som arbeidstid. Spørsmålet blei lagt fram for EFTA-domstolen, som avviste staten sitt syn.

Tvert imot, EFTA- domstolen slo fast at det er tilstrekkeleg at reisa skjer som utslag av ei plikt i arbeidsforholdet, styrt av arbeidsgjevar.

EFTA-domstolen la vidare til grunn at arbeidstid og arbeidsfri, som er definert i arbeidstidsdirektivet og gjennomført i arbeidsmiljølova, er fellesskapsrettslege begrep. Det inneber at verken nasjonalstatane eller partane i arbeidslivet kan lage avvikande definisjonar av korleis arbeidstida skal definerast. Det er dermed ikkje grunnlag for å avtalefesta annan timeteljing enn 1:1 for tida som går med til å reise frå A til B. Det er berre når arbeidstakaren kan forlate arbeidsmiljøet i kvileperiodane, og fritt styre tida sjølv, at tida er effektiv kviletid. Då er det fritid, i motsetnad til arbeidstid. 

For å seie det enkelt. Anten er det arbeidstid eller så er det fritid.

Reiser i arbeidsgjevars teneste er altså arbeidstid sjølv om arbeidstakar ikkje har andre plikter enn å flytte seg frå A til B. Reisa er i seg sjølv tilstrekkeleg til at brukt tid er arbeidstid. I motsett fall ville arbeidsgjevars styringsrett strekke seg langt inn i fritida for den enkelte arbeidstakaren.

Statsminister Erna Solberg har i samband med NAV-skandalen, bedd statsrådane undersøke om dei ulike departementa og etatane kan ha feiltolka EØS-regelverket også på andre område enn i trygdespørsmål.

Saken fortsetter under annonsen

Rettspraksis frå EU og den aktuelle høgsterettsdommen om arbeidstid, kan tyde på at både offentlege og private arbeidsgjevarar i mange tilfelle har bygd på feil lovforståing når det gjeld arbeidstid og reiser.

Gjennom EU-retten er det slått fast sterkare rettar for arbeidstakarane enn gjennom vår nasjonale lovgiving. 

Ein konsekvens av at pålagt reisetid er arbeidstid, kan vere at omfanget av tenestereiser blir redusert. Det kan i somme høve vere negativt for kvaliteten på arbeidet. Det er arbeidsgjevar sitt ansvar, men profesjonelle arbeidstakarar er sjølvsagt også opptatt av kvalitet på tenestene. 

I tråd med god norsk tradisjon bør det kunne finnast fram til god praksis i verksemdene. Men arbeidsgjevar kan ikkje utan vidare rekne med at dei tilsette spanderer fritida si på reiser i teneste.

Synspunkt
søn 20.02.2022 23:47

Skriv til DP Synspunkt


Del dine meninger med ledere og andre ressurspersoner i arbeids- og samfunnsliv? Skriv til DP SYNSPUNKT.

Les alle synspunkt her.