Samfunn
Vestlendingane lever lengre enn andre nordmenn
Vestlendingane lever lengst og tre år lenger enn folk i Finnmark. Høgare dødelegheit av hjarte- og karsjukdomar og luftvegssjukdomar forklarer mykje av forskjellen.
Dette kjem fram i den nye dødsårsaksstatistikken for 2016 som Folkehelseinstituttet la fram den 13. desember. Det er regionale forskjellar i dødelegheit, og det er også tydelege forskjellar mellom fylka. Dette skaper forskjellane i forventa levealder.
– På Vestlandet kan folk forvente å leve omtrent tre år lenger enn dei som bur i Finnmark og i nokre fylke på Austlandet. Det tyder på at vestlendingane er blant dei sunnaste her i landet. Dette kan ha samanheng med livsstilsfaktorar som kosthald, alkoholbruk og røyking, seier overlege Christian Lycke Ellingsen i Folkehelseinstituttet på deira heimesider.
Finnmarksgutar lever åtte år kortare enn sognejenter
Ein nyfødd gut frå Finnmark kan forvente å bli 77,2 år, ei jente 82,3 år. I den andre enden av skalaen finn vi Sogn og Fjordane. Der er tilsvarande tal for gutar 80,3 år og for jenter 85,2 år. Christian Lycke Ellingsen illustrerer det på denne måten:
– Vi hadde hamna på 30. plass på verdsrankinga dersom alle nordmenn hadde same forventa levealder som menn i Finnmark.
- LES OGSÅ: Store sosiale helseforskjeller i Norge
I Finnmark er det særlig dødelegheita av hjarte- og karsjukdomar og luftvegssjukdomar som kols som er høgare enn landsgjennomsnittet, men det er óg mange som døyr i ulukker.
Det tyder på at vestlendingane er blant dei sunnaste her i landet
– Dette forklarer noko av forskjellane mellom dei to fylka, seier overlegen.
Dødelegheita har i mange år gått nedover i alle fylka i Noreg, men det er framleis regionale forskjellar. Dei siste ti åra har dødelegheita vore høgast i Finnmark og lågast i Sogn og Fjordane. For tiåret 2006–2015 var dødelegheita i det nordlegaste fylket om lag 18 prosent høgare enn landsgjennomsnittet, mens den i Sogn og Fjordane var ti prosent lågare enn dette gjennomsnittet.
Dødelegheita i Oslo er samla nokså nær landsgjennomsnittet, men forskjellane mellom bydelane i Oslo er større enn den er mellom fylka.
Kvinner lever lenger enn menn
I alle fylke er dødelegheita lågare for kvinner enn for menn. Mens den for menn i 2016 er høgast i Finnmark, er den lågast i Akershus. For kvinner er dødelegheita høgast i Hedmark og lågast i Sogn og Fjordane. Mange fylke skil lite i dødelegheit og kan bytte plass på lista frå eitt år til det neste. Det gjev eit betre bilete om ein ser på fleire år i samanheng.
Prognosar frå Statistisk sentralbyrå viser at den forventa levealderen truleg vil fortsette å stige, i alle fall fram til 2060.
– Det er ikkje umogleg at vi då vil ha ein forventa levealder på rundt 87 år for menn og 89 år for kvinner, seier Lycke Ellingsen.
Nylige artikler
Omkamper er ikke et tegn på svak ledelse – det er prisen for sterke fagmiljøer
20 helsedirektører har pendlerbolig – koster 3 millioner kroner i året
– Vi kan streike i månedsvis
Lokale SV-profiler misfornøyd med Bergstø – vil ha ekstraordinært landsmøte
Arbeidslivet er ikke rigget for Gen Z
Mest leste artikler
Forsvarsmekanismer på arbeidsplassen: Hvordan ledere og ansatte lurer seg selv
Ole Gustav Gjekstad: Ny landslagssjef med fokus på individuell teknikk
Arbeidslivet er ikke rigget for Gen Z
Magne Lerø: Trump og EU: Forvirring rundt fredsplanen for Ukraina
Vegard Einan i NHO Service og Handel: LOs søksmål om deltid truer den norske arbeidsmodellen