Samfunn

Mindre innvandring ga låg folkevekst i 3. kvartal. Innvandringsminister Sylvi Listhaug med barnevogn under FrPs landsmøte på Gardermoen.

Den svake folkeveksten held fram

Fallande innvandring og noko færre fødslar ga moderat folkevekst òg i 3. kvartal.

Publisert Sist oppdatert

Folketalet voks med 12.500 i 3. kvartal, viser statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Veksten er eit resultat av eit fødselsoverskot på 5.700 og ei nettoinnvandring på 6.900.

Det innvandra 16.800 personar til Noreg i 3. kvartal, som er 3.800 færre enn i 3. kvartal i fjor, og ein må tilbake til 3. kvartal 2006 for å finne så liten innvandring.

Nettoinnvandringa er meir enn halvert frå 3. kvartal i 2012, då det innvandra vel 24.000 og tala for innvandringar var på sitt høgaste. Det utvandra 9.900 i 3. kvartal i år. Det er 1.200 færre utvandringar enn i det same kvartalet i fjor.

Blant utanlandske statsborgarar som innvandra, var det flest syrarar, vel 1.400, og polakkar, rundt 1.300. Bortimot ingen syrarar utvandra, og nettoinnvandringa enda dermed på 1.400. Nettoinnvandringa for dei med polsk statsborgarskap enda på nær 500.

Låge fødselstal

Det blei født vel 15.100 born i 3. kvartal i år, og ein må tilbake til 3. kvartal 2005 for å finne lågare tal for fødde. Det døydde 9.450. Dei låge fødselstala bidreg til at fødselsoverskotet enda på 5.650, som er det minste overskotet sidan 3. kvartal 2007.

Folketalet voks i alle fylka utanom Nordland og Finnmark i 3. kvartal. Sett i høve til folketalet var tilveksten størst i Vest-Agder, Sør-Trøndelag og Oslo.

Den kraftige folkeveksten i Vest-Agder i 3. kvartal heng klårt saman med dei mange innflyttingane til fylket. Kommunar med høgskular og universitet har større flytteaktivitet i 3. kvartal enn elles i året.

Dei mange innflyttingane som er registrerte til Kristiansand, kan henge saman med at kommunen tilbyr gratis busskort til dei studentane som melder flytting til kommunen. Bø kommune i Telemark, som òg hadde mange innflyttingar, tilbyr gratis sykkel om studentane melder flytting.

Nedgangen i folketalet i Nordland og Finnmark har si årsak i innanlandsk flyttetap til dei andre fylka. Fylka Finnmark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde størst innanlandsk flyttetap i 3. kvartal sett i høve til folketalet.

Powered by Labrador CMS