SYNSPUNKT

Klimadebatten har tronge kår om dagen og det er eit vanskeleg klima for klimadebatt, skriv Ragnhild Lied i UNIO.

Vanskeleg klima for klimadebatt

Klimadebatten har tronge kår om dagen. I eit nyhetsbilete som dei siste åra har vore prega av pandemi, Putin sitt angrep på Ukraina, krigen i Gaza, prisauke og dyrtid, kan ein forstå det.

Publisert

 Ragnhild Lied er leiar i UNIO. 

Nordmenn scorer også lågast på andelen som meiner at klimaendringar vil få eller har fått konsekvensar for landet eller enkeltmenneske

SYNSPUNKT. Verre er det at falske nyheiter finn seg alt for godt til rette i klimadebatten. Det slår beina under ein debatt basert på forsking og kunnskap.

I ein EU-studie frå 2022 skil Noreg seg ut med ei uvanleg høgt tal på det ein no kallar klimaskeptikarar.

Heile 1 av 4 nordmenn trur ifølgje studiet ikkje at menneskeleg aktivitet påverkar klimaendringane. Nordmenn scorer også lågast på andelen som meiner at klimaendringar vil få eller har fått konsekvensar for landet eller enkeltmenneske.

Forskarane bak studien er usikker på årsaka til dei norske resultata, men trekk fram at det kan henge samen med at Noreg har vist seg å vore relativt godt rusta i møte med klimaendringane, og at det kan vere ein samanheng med Noreg som ein oljeavhengig nasjon.

– Det er vanskelig å se for seg at mønsteret blant nordmenn ikke har noe med vår avhengighet av olje å gjøre. Folk i Norge har slik sett ingen umiddelbar interesse av å ta dystre klimabudskap innover seg, seier forskar Torbjørn Gundersen ved UiO.

Men han poengterar at dei per no ikkje har grunnlag for å forklare kvifor Norge skil seg ut på flere punkt i denne studien.

– Vi er stort sett enig med eksperter på de fleste områder, men ikke når det gjelder forskning på klimaendringer. Dette er noe vi må se nærmere på for å finne ut av, seier Gundersen til NRK.

At klimadebatten har tronge kår, om enn i mindre skala, ser vi også i ei heilt ny undersøking som Respons Analyse har utført på oppdrag frå Unio om fagrørsla, klima og bærekraft. Det er andre gong denne undersøkelsen blir utført.

Hensikten med undersøkinga har vore å måle haldningar knytt til klima og bærekraft og samanlikne resultata med tilsvarande undersøking i 2021 der 6 av 10 meinte fagrørsla hadde eit stort ansvar for å bidra til klimakutt. 

I år er det ein svak tendens til at litt færre meiner at fagrørsla har ansvar for å bidra til å nå bærekraftmåla. Svarprosenten som meiner fagrørsla i svært stor grad har eit slikt ansvar går frå 22 % til 18 %, samstundes som andelen som svarar i nokon grad går frå 40 til 39 %. Til saman meiner altså 57 % no at fagrørsla i svært stor eller i nokon grad har eit ansvar på dette feltet, mot 62 % i 2021.

Medan andelen blant kvinner som meiner fagrørsla har eit viktig ansvar er om lag det same no som i 2021, er det ein klårere nedgang blant menn på dette spørsmålet. Andelen menn som meiner fagrørsla har eit ansvar går frå 60 % til 52 %.

Vi ser også ein tendens til at det er blant dei eldre aldersgruppene at det no er litt færre som meiner at fagrørsla har ansvar. 

Som i 2021 er det ikkje nokon forskjell mellom yrkesaktive og ikkje yrkesaktive som grupper, men andelen som meiner fagrørsla har eit ansvar er høgare blant offentleg tilsette (60 %) enn blant privat tilsette (53%). Denne skilnaden var likevel større i 2021 (høvesvis 70 og 55 %)

Andelen som meiner fagrørsla bør bidra er aukende med utdanning. Dette trekket så vi også i 2021.

Engasjementet er høgare blant tilsette i offentleg sektor enn i privat sektor, høgare hos kvinner enn hos menn. Det er samstundes aukande med utdanningsnivå . Blant dei med høgast utdanning svarar 68 % at dei er villig til å endre åtferd og vaner for å bidra til å få ned klimagassutsleppa.

Viljen til sjølv å endre åtferd for å bidra til lågare klimautslepp, ser ut til å avta noko. Andelen som svarar at dei i svært stor grad er villig til dette, går frå 19 % til 13 %. Dette blir ikkje veid fullt ut opp av at andelen som svarar i nokså stor grad går opp frå 44 til 46 %. Til saman går andelen som i svært eller nokså stor grad er villig til å endre åtferd frå 63 til 59 %. 

Forskjellen mellom menn og kvinner på dette spørsmålet er framleis tydeleg. Medan 70 % av kvinnene er villig til å bidra, er andelen blant menn 49%. For båe er det ein liten nedgang frå 2021

Det er med andre ord all grunn også for fagrørsla til å fortsette jobben med å auke kunnskapen om og å få opp engasjementet for klima og bærekraft. Her må forsking og kunnskap ligge til grunn for vår deltaking. 

Bærekraft og klima er globale utfordringar, og måla kan berre nås gjennom eit langsiktig og forpliktande internasjonalt samarbeid. Men vi må også bidra med vårt, og da må medverking vere eit bærande prinsipp i klima og bærekraftspolitikken. Det vil auke legitimiteten og oppslutnaden om klimapolitikken.

Klima og bærekraft er ikkje berre viktig for fagrørsla i den forstand at det angår og kjem nok i større grad til å angå arbeidslivet i framtida. Klima og bærekraft er også viktig for oss som samfunnsaktørar og som deltakarar i det offentlege ordskiftet. 

Dette handlar ikkje berre om arbeidsplassane våre og om arbeidskvardagen vår. 

Det handlar også om framtida til våre barn og barnebarn.

Powered by Labrador CMS