SYNSPUNKT
Ragnhild Lied: Vi klarar ikkje omstillinga om vi ikkje investerer meir i kompetanseheving
Kompetanse er alltid eit av dei viktigaste svara på korleis vi skal løyse store samfunnsutfordringar. Då må samfunnet satse meir på denne løysinga.
Ragnhild Lied er leiar i Unio.
SYNSPUNKT. Dei aller fleste stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar har dei siste åra peika på meir kompetanse til fleire som ei hovudløysing på store samfunnsutfordringar som det grøne skiftet, digitalisering og KI, og ikkje minst eldrebølgja.
Perspektivmeldinga, som regjeringa la fram for nokre veker sidan, stadfestar at det blir kamp om arbeidskrafta. Vi er for få menneske til å utføre alle oppgåvene. Klima- og naturkrisar, auka spenningar i verda og lågare aktivitet i petroleumsnæringa krev evne til omstilling, både på individ-, verksemd- og samfunnsnivå.
Svara i meldinga er at fleire må i jobb, fleire må jobbe lenger, og vi må løyse oppgåvene på nye måtar. Alle svara krev at vi satsar meir på kompetanse.
Kvart år rekrutterer norske verksemder, både offentlege og private, nyutdanna fagarbeidarar frå vidaregåande opplæring og fagskular, og nyutdanna med høg forskingsbasert kunnskap frå universitet og høgskular. Gode grunnutdanningar, frå barnehage og gjennom høgare utdanning, er fundamentet for omstilling. Kunnskap, forsking og kompetanse er den beste investeringa vi som samfunn kan gjere, om vi også i framtida skal oppretthalde konkurranseevna, legge til rette for eit allsidig næringsliv og ikkje minst sikre gode velferdstenester i heile landet.
Å bruke sparekniven på denne sektoren, slik statsråden for høgare utdanning og forsking tok til orde for fleire gonger i Arendal, er det stikk motsette av å investere. Det er snarare å spare seg til fant!
Fellesskapet må også trå til når vi treng meir kompetanse gjennom arbeidslivet. Vi kan ikkje bytte ut arbeidskrafta med ny når vi treng ny kompetanse, vi må gi folk i jobb sjanse til kompetanseheving – medan dei er i jobb. Kunnskapsbarometeret 2024 viser at 8 av 10 meiner det må leggjast betre til rette for etter- og vidareutdanning. Det er eg samd i, og det må gjelde alle arbeidstakarar, uansett kva for utdanningsnivå dei har.
Å bruke sparekniven på denne sektoren, slik statsråden for høgare utdanning og forsking tok til orde for fleire gonger i Arendal, er det stikk motsette av å investere
Norsk arbeidsliv har lange tradisjonar for samarbeid gjennom to- og trepartssamarbeidet. Dette samarbeidet er ein føresetnad for å lukkast. Seinare i haust kjem ei utgreiing nettopp frå partane i arbeidslivet, om korleis dei kan leggje til rette for meir kompetanseheving for alle. Eg forventar at utvalet vågar å seie det høgt; vi klarar ikkje omstillinga om vi ikkje investerer meir i kompetanseheving.
Ei vellukka omstilling krev felles innsats og samarbeid – i god norsk dugnadsånd. Samarbeidet startar på arbeidsplassane, mellom dei tillitsvalde og leiinga. Derfor vart eg skuffa då eg las resultata frå undersøkinga Kompetansekompasset, som viser at tillitsvalde i liten grad blir involverte i kompetansediskusjonar på arbeidsplassen. Her har arbeidsgivarar eit særleg ansvar for å betre situasjonen.
Dette er ikkje minst viktig med tanke på den gode nyheita rapporten kom med: det er stor interesse for kompetanseheving, både på og utanfor arbeidsplassen. Og her var nokre av Unios forbund i front – nær 7 av 10 melder om stor interesse for vidareutdanning. Dette lovar godt for framtidas velferd. Om vi satsar og tilbyr kompetanseheving, er meldinga frå dei tilsette ikkje til å misforstå. Dei er klare til å gjere sin del av dugnaden.
Nylige artikler
Forsvaret bistår politiet med vakthold i Oslo
Trump: – Vi avsluttet krigen med Iran i dag
Norsk sokkel har passert toppen – eksporten på rekordnivå
Om fornuft og dømmekraft i lederskapet
Jeg jobber med KI. Derfor vil jeg helst ikke snakke om KI
Mest leste artikler
Torbjørn Aas om når styring tar plassen til ledelse: Derfor må offentlig sektor styres bedre
Norsk studie: Toppledere lar personlige verdier og følelser styre beslutninger
Studentenes reaksjon på kunstig intelligens handler ikke bare om jobber, men om læring, kritisk tenkning og et mer krevende arbeidsliv.
NHH-studie gjort i norske bedrifter: Tjenende ledelse kan påvirke lønnsomheten negativt
Anthropic ber om KI-pause: Reell advarsel eller smart PR-stunt?