SYNSPUNKT
Ragnhild Lied: IA-avtalen, sjukefråværet og arbeidsgjevars ansvar
Sjukelønnsordninga er eit grunnleggjande gode i Norge. Alle kan bli sjuke, og når vi blir det ligg det ei stor tryggheit i at vi slepp å bekymre oss for inntekta vår.
Ragnhild Lied er leiar i Unio.
SYNSPUNKT. Langvarig sjukdom medfører ofte usikker økonomi. Dei gode velferdsordningane vi har i Norge bidrar til å utjamne ulikskap mellom folk, og til å skape tryggheit om ein blir sjuk.
Endringar i sjukelønnsordninga er eitt av temaene som har vore diskutert mykje dei seinare åra. No har også LO snudd og er samde med oss andre på arbeidstakarsida om at det er behov for å sjå på finansieringsansvaret til arbeidsgjevarene ved sjukefråvær. Det er bra.
Pandemien viste oss at sjukelønnsordninga er ein viktig del av beredskapen i Norge. Styresmaktene var tydelege i sine råd; hald deg heime, også ved svake teikn på symptom på sjukdom. Utan full sjukelønnsdekning ville alternativet vore at mange følte seg tvungne til å gå på jobb for å sikre inntekta si også om dei var sjuke. Om reinhaldarar ved sjukehusa, tilsette i matbutikkane og sjukepleiarane følte at dei måtte gå på jobb sjølv om dei var sjuke, kunne pandemien fått eit verre utfall.
5 siste Synspunkt
No i haust skal regjeringa og partane i arbeidslivet forhandle om ein ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA). IA-avtalen er blitt kritisert for at den ikkje har bidratt nok til å få ned sjukefråværet. Sjukefråværet er høgt i Norge. Men det må sjåast i samanheng med andre trygdeordningar og andelen sysselsette. Samanlikna med andre land har Norge både høgt sjukefråvær og mange uføre, men færre arbeidslause, færre på sosialstønad og færre familieforsørga.
I siste avtaleperiode har det vore lagt ned enorm innsats for å førebyggje sjukdom i visse utsette bransjar med høgt sjukefråvær. NAV har utført målingar som viser at sjukefråværet går ned i fleire av dei verksemdene som deltek i bransjeprogramma. Det gjeld til dømes barnehagane. Det er bra at vi får betre resultat på nokre arbeidsplassar. No gjeld det å rulle ut dei gode verktøya på arbeidsplassar med høgt sjukefråvær. For kvar krone vi bruker i førebyggande arbeidsmiljøarbeid, får vi to igjen, seier Statens arbeidsmiljøinstitutt. Eit lågare sjukefråvær er ein fordel både for folk, for verksemdene og ikkje minst for storsamfunnet si velferdskasse.
Dermed bør arbeidsgjevar få eit større økonomisk ansvar for langtidsfråværet
Dei fleste er samde
i at kutt i ordninga på individnivå er uaktuelt å diskutere i IA-forhandlingane. Men det som kan, og bør, løftast inn i forhandlingane er justeringar i arbeidsgjevarbetalinga. I dag er det slik at arbeidsgjevar har det økonomiske ansvaret dei 16 første dagane ved sjukefråvær. Ei delvis forskyving i finansieringsansvaret til arbeidsgjevar ved langtidsfråvær, og reduserte arbeidsgjevarkostnadar ved korttidsfråvær, vil vere i tråd med eit framlegg som det var stor semje om i Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021:2) der partane i arbeidslivet var med. LO var den gongen åleine på arbeidstakarsida om å seie nei til å utgreie endringar i sjukelønnsordninga. No har dei snudd. Det er bra.
Det er det arbeidsrelaterte langtidsfråværet arbeidsgjevar i større grad kan gjere noko med, mellom anna gjennom systematisk arbeid med førebygging.
Dermed bør arbeidsgjevar få eit større økonomisk ansvar for langtidsfråværet. Det gjev meining.
Nylige artikler
USAs økonomiske krig mot Iran: Disse landene står i kryssilden
Reiseforsikringen dekker ikke streik
Silobasert uenighetsfellesskap i Arendal
Vi har ikke et kompetanseproblem – vi har et mulighetsproblem
Gir råd om hvordan du blir mer effektiv på jobben med KI
Mest leste artikler
Vegard Einan: Overtidsbetaling for deltidsansatte kan koste milliarder
4 av 10 ledere synes det er krevende å lede ansatte som jobber fra hjemmekontor, viser undersøkelse
Ståle Langvik: 84 milliarder brukt uten bedre resultater i skolen
Få praktiske tips til hvordan du bruker KI og ChatGPT mer effektivt på jobb.
Omorganiseringer øker kraftig: Flere frykter å miste jobben