Samfunnsansvar

Våpen kan også leverast inn anonymt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Lever inn ulovleg våpen utan å bli straffa

Frå 1. mars til 31. mai kan ein levere inn ulovlege skytevåpen til politiet utan å risikere straff.

Publisert Sist oppdatert

Politiet ber no folk ta kontakt med næraste politistasjon eller lensmannskontor for anten å levere inn ulovlege våpen eller få dei over i lovlege former.

Våpen kan også leverast inn anonymt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Tryggleik

Ved innlevering av skytevåpen er det viktig at det vert gjort på ein trygg og sikker måte. Er ein våpenkyndig og vil sjølv levere våpen, er det viktig å:

  • Sjekke at våpenet ikkje er ladd.
  • Sikre våpenet og transportere det i eit tilpassa futteral eller veske.

Dersom ein ikkje er våpenkyndig, be om hjelp frå ein som kan det.

Når ein kjem med amnestivåpen til politiet har ein fleire alternativ:

  • Søke om å få behalde våpenet
  • Søke om å få det registrert, slik at ein kan selje det vidare
  • Søke om å få gjere våpenet ubrukbart (plombering) og slik kunne behalde det
  • Levere våpenet inn for destruksjon

Ingen risiko for tap av våpenkort

Har eit våpenkort på lovlige våpen, men samtidig har ulovlege våpen, risikerer ein ikkje tilbakekall av våpenkortet eller avslag på framtidige søknader når du nyttar deg av amnestiet.

Alle som vert tekne med ulovlege våpen risikerer inntil 2 års fengsel. I grove tilfelle er strafferamma 4 år. Har ein våpenkort for anna våpen, må ein i tillegg rekne med at dette vert tilbakekalla.

Powered by Labrador CMS