Arbeidsliv

Flest tapte arbeidsdagar var det i helse- og sosialtenester.

Ti arbeidskonfliktar førte til 8900 tapte arbeidsdagar i fjor

Publisert Sist oppdatert

I 2017 vart det registrert ti arbeidskonfliktar i Noreg som til saman førte til tap av 8900 arbeidsdagar.

Flest tapte arbeidsdagar var det i helse- og sosialtenester, opplyser Statistisk sentralbyrå. Årsaka var den rekordlange streiken blant sjukepleiarar i Kreftforeninga, som ikkje før okotober fekk gjennomslag for ein tariffavtale med same løn- og arbeidsvilkår som dei hadde før foreininga meldte seg inn i Abelia. Streiken varte i meir enn fire månader.

Her var det 322 arbeidstakarar involverte med tap av 6900 arbeidsdagar. Dette utgjorde 78 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året.

I industrien gjekk 71 arbeidsdagar tapt som følgje av arbeidskonfliktar.

Til samanlikning var det 7 konfliktar med tap av 25.300 arbeidsdagar ved førre mellomoppgjer i 2015.

Fjoråret var det tredje strake mellomoppgjeret med ei auke i talet på konfliktar i arbeidslivet.

 
Powered by Labrador CMS