erfaring

Ulik erfaring gir nye patent

Kan menneske sine erfaringar ha ulik påverknad på ­innovasjon? I ein ny studie finn vi ein positiv samanheng mellom mangfald i erfaring og søknadar om nye ­innovasjonar, patent, skriv Marte C. W. Solheim og Sverre J. Herstad.

Publisert Sist oppdatert

Marte C.W. Solheim er postdoktor ved senter for innovasjonsforskning/Handelshøyskolen ved Universitetet i Stavanger. Sverre J. Herstad er Professor ved Senter for Innovasjon i Tjenesteyting (SIT) ved Høyskolen i Innlandet.

SYNSPUNKT: Som følge av nedgang i oljeprisen, så ser vi at vi er inne i ei tid med omstilling og utskifting: der fleire arbeidstakarar må sjå seg om etter nye arbeidsplassar.

Mange av desse arbeidstakarane har ei anna type kompetanse eller har arbeidserfaring i frå andre industriar enn dit som dei no må søke seg mot, og det kan føre med seg nokre utfordringar, samstundes som at det kan opne opp for nye moglegheiter. Det fordrar ei evne til å oversette denne kompetansen, eller at ein kan sjå og vere open for at erfaring i frå eit område kan vere nyttig inn i innovasjonsarbeidet i andre type industriar.

Sett vekk i frå denne høgaktuelle utskiftinga av jobbar som føregår, så er det også slik at vi skiftar arbeidsplassar oftare enn tidlegare då det var meir vanleg å fortsette heile yrkeskarrieren der ein starta. Det kan tenkast at nordmenn si sterke stadstilhøyre pregar kva slags yrke dei vel å forfølge, og at det då kan tenkast at dette gjer dei mindre mobile, men samanlikna med fleire andre land i Europa, så er det høg mobilitet i den norske arbeidsmarknaden. Ser ein denne mobiliteten i samanheng med til dømes nedgang i oljeindustrien, så vert det betimeleg å reflektere over om og korleis menneske sine erfaringar i frå ulike industriar påverkar innovasjonskapasiteten til verksemder. Dette har vi for liten kunnskap om, og det motiverer til det å skulle finne ut om denne ulikskapen i erfaring og utdanning påverkar innovasjonsarbeidet i norske verksemder annleis enn med ein meir homogen arbeidsstokk.

Nokre døme på å tilføre mangfald i verksemda kan vere å blande menneske med ulik yrkesbakgrunn og i frå ulike stadar. Vi har undersøkt korleis ulike formar for mangfald påverkar ulike formar for innovasjon, og på ulike måtar. For å kunne undersøke dette, så såg vi på menneske si utdanning-og erfaringsbakgrunn i høve til ulike mål på innovasjon. Forenkla sagt, så vart tilsette delt inn i om dei hadde liknande eller forskjellege erfaring og utdannings-bakgrunnar. Døme på liknande erfaring er om dei har arbeidd innfor liknande industri.

Til saman undersøkte vi rett under 3000 norske føretak. Desse data baserer seg på registerdata i frå Statistisk Sentralbyrå som er kopla med ei stor innovasjonsundersøking (CIS). Internasjonal forsking vel ofte å fokusere på det vi kallar for primær mangfald, som er ting vi ikkje kan endre, som til dømes kvar vi er fødd, og har i mindre grad fokusert på sekundær mangfald: som er ting som vi kan endre, som arbeidserfaring og utdanning. Internasjonal forsking har også fokusert på mangfald i delar av organisasjonen, slik som i topp-leiinga og liknande, men utan å ta høgde for at innovasjon førekjem i alle delar av ein organisasjon. Dette motiverte oss til å forske på sekundær-mangfald, for alle tilsette i føretaket, samstundes som vi studerer dette på tvers av alle regionar og sektorar i privat sektor i Noreg.

I denne studien fann vi ein positiv samanheng mellom menneske som hadde forskjellege utdanning- og erfarings-bakgrunnar (til kvarandre) og føretak si patentering, altså søknadar om patent for noko som er nytt. Vi fann òg ein positiv samanheng mellom menneske som hadde liknande erfaringsbakgrunnar (til kvarandre) og produkt og prosess-innovasjonar. Kan det vere fordi at tilsette med liknande industrierfaringar arbeider godt saman fordi dei har kunnskap om liknande arbeidsmetodikkar, rutinar, og forståingsrammer, noko som kan føre til nye innovasjonar, men at desse ikkje nødvendigvis er revolusjonerande nye? Det kan då tenkast at når desse som kjem inn med forskjellege arbeidsrutinar og erfaring i frå andre industriar utfordrar desse allereie etablerte mønstra, noko som kan føre til nye idear og søknadar om nye patent?

Løyndommen bak ei meir robust innovasjons­evne, ligg i å dra inn mangfald på ulikt vis

Løyndommen bak ei meir robust innovasjonsevne, ligg i å dra inn mangfald på ulikt vis. Heile ideen med å dra inn mangfald i verksemda er for å blande saman og søke kunnskap utanfor kjende «rammer». Dette er sterk tilstades i innovasjonslitteraturen, som synleggjer korleis innovasjon ofte skjer når, og der, ulik kunnskap kryssast, noko også funna våre støtter. Internasjonal forsking syner at mangfald kan på den eine sida føre til nye idear fordi ein får ei breiare plattform som ein kan trekke nye idear i frå. På den andre sida, kan mangfald i arbeidsstokken auke konfliktnivået, og auke behovet for kommunikasjon.

Funna våre syner det at ulikskap og likskap i erfaringsbakgrunn fører til ulike innovasjonsresultat. Det kan også tenkast at ulikskap i erfaringskompetanse stiller sterkare krav til oversetting av denne kunnskapen, og forståing for korleis best nyttegjere seg av denne. I dagens samfunn med omskiftningar i både arbeidsliv og arbeidsstokk, så krev det medvitne leiarar som evnar å sjå og dra nytte av ein meir heterogen arbeidsstokk.

Powered by Labrador CMS