Ledelse

– «Skjønnhetsidealet» er stort og strengt

Fylkesmann i Oslo og Akershus Valgerd Svarstad Haugland bekymrer seg over at mange unge lever under eit stort press når det gjeld ytre ting.

Publisert Sist oppdatert

Om deg som menneske

Er det noko du drøymer om å gjere ein gong?

Køyra med Den transsibirske jernbane.

Er det ei bok du har lest eller ein film du har sett som har gjort eit sterkt inntrykk på deg?

Mange!! Men skal eg nemna berre ei bok så tek eg Mors og fars historie av Edvard Hoem og Cinema Paradiso som ein veldig god film.

Kva gjer du på fritiden?

Brukar kulturtilbodet, passar barnebarn og er saman med familien og gode vener.

Kor mange timer jobbar du kvar veke?

Veit ikkje, har aldri rekna på det. Eg er ein person som ofte jobbar om kvelden heimefrå dersom det ligg til rette for det.

Er det noko du skulle ønske du var flinkare til?

Spela eit instrument, gjerne piano.

Har du vore aktivt i nokre frivillige organisasjoner?

Mange.

Om leiing

Når fekk du di første leiaroppgåve?

Eg var leiar i Laget då eg gjekk på lærarskulen. Det var nok fyrste leiaroppgåva, trur eg.

Kva er mest viktig for deg som leiar?

At eg tilset andre som er betre enn meg på dei områda eg ikkje strekk til. Dessutan gir eg fridom med ansvar. Eg sjekkar ikkje i tide og utide dersom eg har gitt ei oppgave/eit oppdrag.

Er makt eit begrep du brukar for å beskrive ledelse?

Nei.

Bør ein leiar snakke ope om sine svake sider?

Ja, det trur eg er lurt, men ein treng ikkje blottlegga seg.

Bør ein ha den same leiarjobben i meir enn 10 år?

Dersom det fungerar godt er erfaring inga ulempe, men det er jo og fint med fornying. Så svaret er både ja og nei.

Om medarbeidarar

Tre stikkord som kjenneteiknar ein god medarbeidar?

Lojal, ærleg og dyktig.

Er det ein fordel at flest mogleg av dei tilsette er med i ein fagforening?

Det er vel ein fordel for den enkelte arbeidstakar.

Bør tilsette få bonus dersom sjefane får det?

Ja, det hadde vore rettferdig.

Er det opp til tilsette sjølv å passe på at dei jobbar det talet timar dei skal?

Det burde vera det, men erfaring tilseier at nokre treng «passast på»

Om aktuelle saker

Bør vi opne for oljeboring i Lofoten og Vesterålen?

Eg har veldig klar meining om dette spørsmålet, men i den stillinga eg har no så er det vel ikkje rett å svara på dette. Men alle som kjenner meg veit kva eg meiner.

Bør vi bruke mindre pengar på landbrukssubsidier?

Her svarer eg det same

Bør det kuttes i pressestøtta?

Og her.... Det er ikkje lett å tia når ein har klare meiningar!

Om tida vi lever i

Er det noko utviklingstrekk som bekymrar deg?

Mange unge lever under eit stort press når det gjeld ytre ting. «Skjønnhetsidealet» er stort og strengt. Skilnaden mellom fattig og rik, dei som lever i eit trygt område og dei mange på flukt.

Bør det vere eit mål å få økt gjennomsnittlig materiell levestandard i Norge?

Nei, berre betre fordeling.

Om Erna Solberg

Kva synes du om Erna Solberg som statsminister?

Trygg og kunnskapsrik.

Valgerd Svarstad Haugland

Alder: 60 år
Bosted: Stabekk i Bærum
Sivilstand: Gift
Stilling: Fylkesmann i Oslo og Akershus
Utdanning: Cand.mag.
Antall dagar trim i uka: ca 3

Powered by Labrador CMS