Samfunn

Front National leiar Marine Le Pen.

Populisme på frammarsj i Europa

Kvifor flokkar folk seg kring høgrepopulismen i Europa? Marine Le Pen er Europas mektigaste høgrepopulist, leiar av Front National og kandidat ved det franske presidentvalet som går av stablen i to rundar i april og mai i år.

Publisert Sist oppdatert

Kva har forma ho som person og politikar og kva har ho gjort for å gjere partiet Front National meir akseptabelt for vanlege veljarar?

Hennar fanesaker er motstand mot innvandring, globalisering, EU og dei ho kallar «eliten».

Korleis vil ho endra Frankrike og kva innverknad vil det ha på Europa dersom ho vinn valet?

Det er nokre av spørsmåla forfatterane og journalistane Elin Sørsdahl og Alf Ole Ask tek opp i boka Marine Le Pen og Høyrepopulismen i Europa.

Vi er godt på veg inn i eit heilt nytt politisk paradigme i Europa. Har vi nådd det punktet kor vi ikkje lenger kan snu?

Svaret vil ein få når det no er duka for fleire nøkkelval dette året.

Allereie 15. mars var det duka for årets første val i Europa, nemleg Nederland. Her måtte høgrepopulisten og leiar av partiet PVV, Geert Wilders, erkjenne valnederlag i Nederland då statsminister Mark Rutte vart erklært som vinnar då han sikra seg 33 seter i parlamentet, medan Wilders fekk 20 seter.

Kraftig endringsrørsle

Det som vert kalla høgrepopulisme er kanskje den mest spannande og kraftige politiske endringsrørsla som vi ser i dagens Europa og som sprang ut på starten av dette tusentalet.

– Partia som i dag vert rekna som populistiske, starta først som høgre-parti, men den økonomiske politikken bevegar seg mot venstre. Den normale høgre-venstre aksen er ikkje lenger enkel å bruka på desse partia, forklarar Ask.

Kvifor kjem denne populismerørsla no?

– Sakene som fyrer opp under denne rørsla er at tilliten til autoriteter er tunnslitt og folk kjenner seg framandgjort, ikkje minst på grunn av globalisering. Arbeidsplassar har flytta ut etter at fleire land i Aust-Europa blei EU-medlem. 20 millionar menneske har arbeidsinnvandra til Vest-Europa, seier Ask.

Den politiske eliten, ikkje minst den i Brussel, sviktar på heilt avgjerande område som den alminnelege tryggleiken til folk

EU vert ikkje oppfatta som ein del av løysinga, men som ein del av problemet. På toppen av dette, med ei immigrasjonsbølgje, opplever mange frykt for terror.

– Den politiske eliten, ikkje minst den i Brussel, sviktar på heilt avgjerande område som den alminnelege tryggleiken til folk.

Tetta «kjønnsgapet»

Foto Alf Ole Ask. (Foto: Cappelen Damm)

Dei populistiske partia har nokre særtrekk. Det er historisk sett fleire menn enn kvinner som stemmer på dei. Desse mennene har dårlegare utdanning og dei tenar mindre enn veljarane til dei fleste andre parti.

– Her ser vi no betydelege endringar. Partia tek no større jafs av fleire veljargrupper enn det dei har gjort tidlegare. Ikkje minst gjeld dette kvinner, seier Ask.

Desse partia hadde fram til ganske nyleg eit betydeleg kvinneproblem. Marine Le Pen er ein av dei partileiarane som greidd å tetta dette såkalla «kjønnsgapet».

– Kvinner har kjent det som eit sosialt stigma å stemme på desse partia – det har endra seg.

Grasrota mot eliten

Kven leia dette opprøret blant alminnelege folk?

– Det er riktig at veljarane til dei populistiske partia er i opprør mot eliten, men leiarane av desse partia kjem frå eliten sjølv. Dei har høg utdanning, mange er svært velståande, dei framstille seg sjølv som annleis enn politikarar flest. Mange av dei har derimot ikkje gjort noko anna enn å vera politikarar heile livet, seier Ask.

Elin Sørsdahl og Alf Ole Ask:

  • Elin Sørsdahl og Alf Ole Ask har i ei årrekkje dekka europeisk og amerikansk politikk.
  • Elin Sørsdahl har jobba i TV2 sidan kanalen starta og leia samfunnsavdelinga, vore nyheitsankar, jobba i Brussel og New York og dekka fleire presidentval i både Frankrike og USA.
  • Alf Ole Ask er journalist i utanriksredaksjonen til Aftenposten. Han har vore korrespondent for Dagens Næringsliv i Brussel og Stockholm og for Aftenposten i Brussel og New York. Han har dekka ei rekkje val i europeiske land og europeisk politikk over fleire år.

Partia har gjennomgått ein viktig endring den siste tida. Dei har kvitta seg med antisemittiske elementet, men erstatta det med ein svært negativ haldning til Islam. Gjennom ein beinhard partidisiplin, har dei klart å kasta ut element som har vore problematiske for dei og det, saman med organisasjonsbygging, har i stor grad bidrege til å gjere dei meir stovereine og allment akseptert.

– Sakene som desse partia promoterer, vil avgjera kva folk stemmer. Tidlegare var det ofte slik at folk ofte stemte med lommeboka, noko som også er tilfelle i dag, men ein ser at spørsmål om innvandring vert viktigare for veljarane som er opptekne av dette. Dei går rett til desse partia og dei blir der, understrekar Ask.

Venner på tvers av grenser

Dei populistiske paria har byrja å samarbeide på tvers av landegrenser. Dette er ganske fersk.

Den som har vært sentral i oppbygginga av den europeiske plattforma for desse partia og «Europe of Nations and Freedom Group» i Europaparlamentet er Marine Le Pen.

– Ho har klart det faren hennar, Jean-Marie Le Pen, aldri fekk til, nemleg å skaffa seg venner utanfor Frankrike. Ho er og har vore ein viktig fødselshjelpar for andre parti som Sverigedemokraterna. I dag er ho heilt sentral når det gjelder å få det flamske nasjonalistpartiet Vlaams Belang gjenreist i Belgia. Ho er i dag utan tvil den mektigaste og mest samla høgrepopulistiske politikaren i Europa, seier Ask.

Foto Støttespelarane til Marine Le Pen under ein konferanse i Nates i Vest-Frankrike. (Foto: NTB-scanpix.)

Såpeopera av eit liv

Marine Le Pen er ein politikar med sterk vilje til makt, mykje meir enn faren Jean-Marie Le Pen, som grunnla partiet. Ho er ikkje minst villig til å bruka denne viljen for å gjere Frankrike «fransk» igjen.

– Ho har ein utruleg fasinerande personleg historie. Eg møtte ho for første gong for tre år sidan. Då eg byrja å grave meir inn i livet hennar, var det som å følgje ein såpeopera, seier Sørsdahl.

Ho vaks opp i familien Le Pen som vart utsett for eit politisk attentat då ho var veldig liten og mora reiste frå ho. Ho vart drege inn i politikken, men forsøkte å kome seg vekk på grunn av alt det negative i livet hennar var veva inn i nettopp politikken. På eit eller anna tidspunkt vart ho derimot oppslukt av det.

På eit eller anna tidspunkt vart ein kanskje klar over at det faktisk er no dette vindauge er open

I 2011 vart ho valt som partileiar for Front National og har sidan den gong hatt eit mål: bli president i Frankrike.

– Vi kom til Paris like etter det amerikanske presidentvalet av Trump. Då var det noko som hadde endra seg. Det har alltid vore to leirar i Front National – dei som meinte at dette var valet ho kunne verte valt som president og dei som ønskja å byggje ho opp no, men at hennar sjanse er i 2022. På eit eller anna tidspunkt vart ein kanskje klar over at det faktisk er no dette vindauge er open. Kanskje det er no det er eit paradigmeskifte i Europa, seier Sørsdahl.

EU som tvangstrøye

Foto Elin Sørsdahl. (Foto: Cappelen Damm)

Marine Le Pen har lagt fram eit program på 144 punkt. Det handlar mykje om at ho vil ha Frankrike ut av EU, ho vil ha landet ut av euroen, ho meiner EU er ei tvangstrøye og ho vil definitivt fjerna EU-flagget frå alle offisielle bygningar.

I den økonomiske politikken ligg ho, som mange andre høgrepopulistiske parti, ganske langt til venstre. Mykje av det som står i hennar program kunne ha stått i kva som helst slags sosialdemokratisk program. Det er også grunnen til at mange frå arbeidarklassen ser seg tent med hennar politikk.

Utanrikspolitisk sett vil ho trekkje Frankrike ut av den militære leiinga av NATO. Ho har eit nært og positivt forhold til Russland og finansierte sin førre valkamp med eit lån i ein russisk/tsjekkisk bank. I tillegg har ho vore motstandar av EU-sanksjonane mot Russland etter annekteringen av Krim.

– Det er ikkje tvil om at det er innvandringsmotstand og skepsis til innvandring som verkeleg fyrar opp høgrepopulismen i Europa. Om desse viktige vala hadde vore for eitt og halvanna år sidan, hadde partia gjort det enda betre. Alle vi har snakka med kjem tilbake til dette med innvandring og dei sausar også saman dette med innvandring opp mot terrorfrykt og frykta for å mista jobben fordi bedrifter flyttar ut, seier Sørsdahl.

Innvandrar som andrerangsborgarar

Marine Le Pen vil tillate ein innvandring på 10.000 menneske i året. Det er ikkje frykteleg mykje i eit land med over 60 millionar innbyggjarar.

Det som kanskje er litt meir spesielt er at ho vill skriva inn i grunnlova ei nasjonal prioritering eller preferanse for franskmenn. Det betyr at det er ein del velferdsgoder som retten til bustad og arbeid berre skal gå til franske statsborgarar.

– Som person er ho faktisk veldig hyggeleg og triveleg. Det var eigentleg noko som sjokkerte meg første gong eg brukte mykje tid saman med ho. Plutseleg sat eg å tenkte at ho kunne ha vore ei venninne av meg. Eg fekk den kjensla. Seinare har eg snakka med franske kollegaer som seier at då har ho spelt «bestevenninnekortet». Ho er nok ekstra hyggeleg overfor utanlandske journalistar som ikkje representantar nokon fare for ho, seier Sørsdahl.

Kritikarane vil stå samla

Marine Le Pen har sidan 2000 jobba med å gjere partiet meir stovereint. Ikkje nødvendigvis endra den politikken som faren førte, men gjere den meir eteleg og skrella vekk dei verste representantane for partiet, dei brune elementa og tona ned antisemittismen.

– Ho er på inga måte nokon homofob, slik som faren kunne verte framstilt som. Langt på veg har ho klart å gjere partiet meir stovereint, seier Sørsdahl.

Foto Demonstrantar protesterar mot Marine Le Pen. (Foto: NTB-scanpix)

Le Pen har lege i tet på meiningsmålingane i nærare to år i det som er den første runden av presidentvalet. Til siste runde går det to kandidatar og veldig mykje tydar på at ho vil gå til den siste runden. I augneblinken ser det ut som det er sentrum-venstrekandidaten Emmanuel Macron ho vil kjempa mot. Han har ikkje eit ordentleg parti endå og er i gong med å byggje opp eit parti som Le Pen då skal kjempa imot.

– Franskmenn har prøvd å stengje Front National ute i veldig mange år og det tydar på at det same vil skje i år – at de kritiske motstandarane vil halda saman og stemma på den minst ytterleggåande kandidaten. Av denne grunn kjem ho mest truleg ikkje til å verte president i Frankrike. Men ein kan ikkje utelukka noko som helst. Det er mange usikre veljarar. Eg har tidlegare sagt at Brexit ikkje vil skje og at Hillary Clinton vil vinne det amerikanske valet, men eg vil ikkje satsa mykje pengar på at Le Pen vert president, seier Sørsdahl.

7. mai får vi fasiten.

Ingen vinnarkandidat

Utanrikspolitisk forskar og kommentator Asle Toje syns det er spesielt at sitjande president François Hollande ikkje stiller til val. Likevel er det kanskje ikkje så merkeleg. Han har nemleg klart å oppnå ein upopularitetsrate på 90 prosent.

– Hadde han kome litt lågare, hadde det vore innanfor feilmarginen, seier Toje.

Den siste meiningsmålinga syner at Marine Le Pen har 25 prosent oppslutnad, Macron har 24 prosent og Francois Fillon har 21 prosent.

Populistiske parti har no blitt vaksne og går no etter makt, til dels vinn dei denne makta

Det er ein del som heftar Emmanuel Macron, Ifølge The Economist. Han er ikkje typen som ein ventar skal vinna eit val i Frankrike akkurat no. Macron er liberal, pro-europear, teknologientusiast og han står for ein nedbygging av velferdsstaten – ikkje veldig populære saker i Frankrike akkurat no.

– I fjor skjedde det større sjokk enn det ville vere om Marine Le Pen vann valet. Populistiske parti har no blitt vaksne og går no etter makt, til dels vinn dei denne makta. Front National er bygd opp rundt familien Le Pen – dette er ei gruppe menneske som held makta tett til seg, seier Toje.

Tilbake til etterkrigstida

Forskningsdirektør ved Det norske Nobelinstituttet Asle Toje mener etniske nordmenn vil bli en minoritet i fremtiden. Foto NTB-scanpix.

Frankrike ikkje har gått gjennom Thatcher-revolusjon eller dei store nyliberalistiske reformene som blant anna Noreg har gått gjennom.

– Vi har å gjere med eit samfunn som på mange måtar er strukturert med ein relativt lukka økonomi, med veldig mykje regulering. Samstundes meldte dei seg inn i EU i den tru at EU ville fungere som ein indre marknad – med høge tollmurar og at det ville ha ein positiv innverknad på fransk økonomi og eksport. Det som i realiteten har skjedd er at EU har opna grensene for global import. Franskmennene har blitt utkonkurrert og mista 5 millionar industriarbeidsplassar. Sjølvsagt smertar det, men dei kan likevel ikkje gå tilbake til slik det ein gong var, seier Toje.

I Japan har dei bilfabrikkar der det er ein person som kan stå for heile bilproduksjonen. Ein kan aldri gå tilbake, men folk ønskjer å høyre at det er mogleg. Frankrike opplevde 30 år gullår med vekst i etterkrigstida, så kven kan klandra dei for at dei ønskjer seg tilbake til det?

Asle Toje:

  • Utanrikspolitisk forskar og kommentator Asle Toje har vore fast spalist i Klassekampen, Bergens Tidende og Dagens Næringsliv.
  • Til dagleg er forskingssjef ved Nobelsinstituttet. Han har ein doktorgrad i internasjonal politikk ved Universitetet i Cambridge og utgitt ei rekkje bøker på norske og utanlandske forlag.

– Men er det økonomisk klokt? Vertfall ikkje innanfor dagens globale økonomiske doktrine. I Frankrike driv ein ikkje med reform, men med revolusjon. Det må bli verre og verre og verre, så gjer ein ingenting, til slutt vert det så gale at ein gjer alt på ein gong. Marine Le Pen spelar på dette. I Frankrike er det ei kjensle av stillestand. Det sit i store deler av samfunnet at ingenting er mogleg. Det politiske systemet og byråkratiet går så treigt og at alt er kvelande. Det kan vere ein styrke for Front National, seier Toje.

Likevel sit det langt inne for svært mange folk å stemma på Front National på grunn av minna om Jean-Marie Le Pen. For mange av dei som har ein identitet knytta til det å vere på venstresida, halvparten av befolkninga er det, vil tanken på å ha med ein stoverein versjon av partiet gjera at det venda seg inni dei. Utfordringa vil vere å nå desse venstreveljarane og få dei til å gløyme at dei ikkje likar Front National.

Elskar revolusjon, hatar forandring

Foto Marine Le Pen og Høyrepopulismeni Europa. (Foto: Cappelen Damm)

– Le Pen vil føra ein økonomisk politikk som sosialdemokratane har bevegd seg langt vekk i frå, som for så vidt ligg i historias skraphaug. Ho vil gå tilbake til mykje av politikken som handla spesielt om industrien. Dette meiner ho er mogleg, seier Ask.

Front National meiner det er finansmarknaden som skal tene folket, ikkje omvendt. Dette vinn gjenklang. Alle tener alle på globaliseringa i og med at vi får billigare forbruksvarer, men nokre har betalt prisen med arbeidslause.

Eg trur fleire kjem til å ta steget over og stemma på Front National

– Det hjelp lite å høyre at 800.000 kinesarar har kome ut av ekstrem fattigdom når folk ikkje har jobb i franske industribyar. Eg trur fleire kjem til å ta steget over og stemma på Front National, det syner meiningsmålingane. Det fins fleire veljarar som har det som nummer 2. parti. Det hadde ein ikkje tidlegare. Franskmenn elskar revolusjon, men hatar forandring. Det er litt av nøtteskalet i den franske mentaliteten, seier Ask.

Ingen andre har lukkast

Eit av Le Pens sterkaste argument er at dei tidlegare politiske leiarane som har kome frå høgre- eller venstresida faktisk ikkje har lukkast. Kvifor ikkje prøve hennar oppskrift?

Kvar fjerde unge i Frankrike er utan arbeid. Det er 10 millionar fattige. Kvar tiande ungdom har vanskar med å finne ein stad å bu.

– I dag har ho eit folkeleg gehør for at det må gå an å gjere ting på andre måtar. Vi såg i USA at «Make America Great Again» og «America First» også hadde gehør blant veljarane, seier Sørsdahl.

Likevel trur ho det først og fremst er terrorfrykta og nasjonal tryggleik som vil vere avgjerande i dette valet.

– Kven kan trygga deg og dine? Den som kan overtyda deg om at du kan gå på fotballkamp eller kafé utan å kjenne terrorfrykt vil sikra seg mange stemmer. Lommebokspørsmål er alltid viktig. Men om du er ein fransk veljar som har mista jobben, bedrifta har flytta til utlandet og Le Pen står der å fortel at ho skal hjelpe deg, at du berre treng å arbeide til du er 60 år, ho seier at ho skal stoppa innvandringa, så er det nok det som kjem til å vere det avgjerande, ikkje kva økonomisk program franske fagøkonomar meiner vil fungere best, seier Sørsdahl.

Foto Marine Le Pen vitjar ei jordbruksmesse under presidentvalkampen. (Foto: NTB-scanpix)

Ei stormakts fall

I boka får ein intrykk av at franskmenn sit med ei kjensla av at Frankrike ikkje oppnår sitt eige potensiale. Samtidig møter vi den karismatiske enkeltpersonen Marine Le Pen, eit EU som spelar rolla som den gode fienden og ein medieverden som har innteke ein ganske liknande rolle og som har dyrka eit fiendtleg forhold til Front National.

Partiet vert bore fram av den politiske agendaen i Frankrike: identitetspolitikk, innvandring og tryggleikspolitikk er tema som partiet over lang tid har bygd opp til ei merkevare.

Vi er kanskje berre eit terrorangrep vekke frå at ho vert president i Frankrike

– Ho er ein sterk debattant og kvinneskikkelse – ein liknande kvinneleg politikar har vi ikkje sett i Europa sidan Margareth Thatcher. Presidentval er eit personval. Ho har personlegdom, men også svake sider – som forholdet til Russland slik vi ser med Donald Trump. Faren hennar som ikkje heilt klarar å innfinna seg med den rolla han har blitt forvist til. Forholdet til Trump som ikkje alltid er eit sterkt kort i Europa. Dei høgreradikale elementa som endå ikkje har blitt reinska ut, ramsar Toje opp.

Konklusjonen hans er at det er tenkeleg at Marine Le Pen kan vinna valet, men ikkje heilt sannsynleg.

– Vi er kanskje berre eit terrorangrep vekke frå at ho vert president i Frankrike. Marine Le Pen som fransk president vil ha ein heilt anna effekt Europa enn at Storbritannia som alltid har vore ein motvillig europar melde seg ut av unionen. Dersom Marine Le Penn vinn det franske valet, vil det forandra europeisk og norsk politikk, avsluttar Toje.

Powered by Labrador CMS