Arbeidsliv

Illustrasjonsfoto.

Liten auke i industriproduksjonen frå i fjor

Frå februar til mars 2017 hadde industriproduksjonen derimot ein nedgang på 1,1 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Norsk industriproduksjon viste ein liten oppgang på 0,5 prosent i 1. kvartal 2017 samanlikna med 4. kvartal 2016, viser sesongjusterte tal frå SSB.

Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog mest til den totale veksten med ein klår auke på 8,7 prosent.

Høg produksjon av farmasøytiske produkt, i tillegg til vedlikehaldsstans hos toneangivande produsentar i førre kvartal forklarer denne veksten.

Næringsmiddelindustrien viste òg ein auke, særleg grunna ein vekst i foredling og konservering av fisk samanlikna med førre kvartal.

Derimot vart nesten heile veksten i industriproduksjonen dempa av ein nedgang i petroleumsrelaterte næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer, samt metallvareindustri. Samla falt petroleumsretta leverandørindustri med 4,3 prosent.

Nedgang frå mars

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,1 prosent frå februar til mars 2017. Det var maskinindustri, saman med metallindustri som bidrog mest til den samla nedgangen.

Samstundes viste næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ein auke frå februar til mars.

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 1,4 prosent frå februar 2016 til februar 2017.

Maskinindustrien var næringa som bidrog mest til denne nedgangen med eit fall på heile 14 prosent. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein auke på 0,9 prosent i den same perioden.

Industriomsetninga økte

Industriomsetninga gjekk opp med 4,2 prosent i første kvartal i 2017 samanlikna med siste kvartal i 2016, viser sesongjusterte tal. Frå februar til mars 2017 viste industriomsetninga ein liten oppgang på 0,8 prosent.

Det klart største bidraget til veksten kom frå næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, der omsetninga økte med 40 prosent.

Ein kraftig prisstigning for raffinerte petroleumsprodukt frå 4. kvartal 2016 til 1. kvartal 2017 var ein medverkande årsak til omsetningsveksten for denne næringsgruppa. Av andre næringar som også bidrog til økt omsetning var metallindustri samt maskinreparasjon- og installasjon. Det var fleire næringar som meldte om økt omsetning i same tidsrom, men her var bidraga mykje mindre.

Maskinindustri samt dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde derimot redusert omsetning i den same perioden, og her var reduksjonen på 3,7 og 5,1 prosent.

Powered by Labrador CMS